The Prodigy er klare for Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/2/2018 22:04

The Prodigy vart rekna som pionerar innan elektronisk danse music. Dei vart etablerte allereie i 1990 i Braintree, Essex, og var eit av dei store navna i ravepartytida.

Saman med The Chemical Brothers og Fatboy Slim var The Prodigy eit av dei mest trendsettande banda på 90-talet med si særeigne miks av punk og tekno.

Britanes tekstar vart mange stader sett på som støytande, og videoen til «Firestarter» ble nekta vist tidlig på kveldane. Same skjebne fekk «Smack my bitch up». Dei fleste radiostasjonane nekta å spele låten.

Nokre av deira mest kjente hits er «Firestarter», «Breathe» og «Smack my bitch up» som alle har nærare 40 millionar strøymingar på Spotify.

Både «Breathe» og «Firestarter» gjekk til topps på norske hitlister.

“Å booka The Prodigy er kanskje noko av det råaste me har gjort hittil i Tysnesfest si historie, men me er sikre på at både dagens ungdom, og kanskje ikkje minst dei som var ungdom på nittitalet vil gå mann av huse for å skaffa seg billettar”, sier Øystein Våge.

The Prodigy er absolutt noko av det feitaste ein kan oppleva, og lyd- og lysproduksjonen blir den heftigaste me har sett på Tysnesfest hittil. Fleire musikkmagasin har bandet på topplistene over band ein må få med seg live før ein døyr.

The Prodigy speler på Gjerstad Arena fredag 13. juli, og Tysnesfest blir einaste festival dei skal spela på i Noreg i 2018!