Fantastiske Bordalsgjelet. Foto: Jan Belt

Flott tur til Voss og Ulvik

Publisert av: May Britt Meland
8/10/2020 21:54

Me, Tysnes seniordans, reiste 19 stk. i fint haustvær frå Våge onsdag 7. oktober. Lunde, Baldersheim, Samnanger til Trengereid, der me provianterte og gjekk på WC. Reiste vidare til Voss, der Inger var kjent og synte oss området ho kom frå.
Hadde ei stor naturoppleving i Bordalsgjelet.
Hadde så ein time med mat og handling, før turen gjekk vidare til Skjervsfossen.
Her var utbygd med toalett, varmt vatn, svært reint og glas i vegger og golv. Det var også utbygd tursti, langs med fossen, i dei seinare åra.

Reiste på gamlevegen ned om Granvin og vidare over fjellet til Ulvik.

På Hardanger Saft – og Siderfabrikk, møtte eigaren Nils Lekve oss, og serverte smaksprøvar i 1 time, og etterpå synte han oss rundt på fabrikken.
Det me fekk smaka var; Eplemost, Vanleg sider, brusande sider, eple/jordbærsider, eple/morellsider, Dronning sider,Hardanger draum Apal likør, Akevitt (meir hugsa eg ikkje). Sortar som held meir alkohol enn øl, må ein kjøpa på Vinmonopolet.

Turen gjekk etterpå, om den nedlagte Hjeltnes Hagebruksskule, langs Hardangerfjorden heimatt.

Tekst og foto: Jan Belt