Ny E-brygge ved Våge gjestehamn

Publisert av: Dagfinn Sandvik
13/2/2019 19:51

For tida jobbar me med å få inn den nye E-brygga til Våge, og me gleder oss veldig til den er på plass og alt er ferdig, seier Patrick Madsen på facebooksida til Våge Gjestehamn.

I tillegg til at me får auka kapasitet, får me flytta yrkesbåter vekk frå indre hamn og brygga blir ein effektiv bølgebrytar. Me vil og få 1200 nye kvm med bruksareal på E-brygga.

Våge Gjestehamn ynskjer innspel om korleis arealet best mogeleg kan nyttast, og håpar mange har lyst til å hjelpe, både med det arealet og kva ein ellers har lyst til å ha i, og rundt hamna. Kva er viktig når de er på båttur? Er det leikeapperatar for borna, servicetilbod/dusj, grillplass, turplassar, badeplass, restaurant og butikkar? Eller er det tennisbane, fotballbane eller andre aktivitetar? Eller kanskje hamneavgifta er den viktigaste tingen?

Madsen seier det berre er å komma med forslag, ynskjer og tankar. Nokon ting kan me fort få gjort noko med, medan andre ting må kanskje koma i seinare tid.

Foto: Facebook, Våge gjestehamn

 

Madsen seier vidare at dei vil gjere dette til ein konkurranse.  Ein kan då enten gå inn på Facebooksida til Våge Gjestehamn og kommentera, eller senda ein epost til patrick@mandelhuset.no. Då vert du med i trekninga om gratis hamneleige i heile 2019 i Våge Gjestehamn, inkludert under Tysnesfest, så det kan absolutt vera lukrativt å dela ønskjene sine. Vinnaren vert trekt 28. februar 2019.

 

Foto: Facebook, Våge gjestehamn

 

Lukka til og takk for bidraga.

Tekst: Facebook, Våge gjestehamn