Invitasjon til ope møte på Tveit grendahus

Publisert av:
3/12/2014 17:12

I dette høve inviterer Flyktningtenesta ved NAV Tysnes og Tveit bygdalag til ope møte på Tveit grendahus måndag 08.12. kl 19.00.

For at dei nye medlemmene i Tysnessamfunnet skal få eit godt opphald og ein god start på deira etablering i Noreg, så er det viktig at mange aktørar på Tysnes bidreg til integreringsarbeidet. Dette gjelder både kommunen, bedrifter, frivillige organisasjonar og privatpersonar. 

På møtet vil det bli informert om korleis dagane blir organisert for dei busette, og det vil bli høve til å ha ein god dialog om kva andre medlemmer av Tysnesamfunnet kan bidra med, slik at det totale resultatet skal bli best mogleg for våre nye innbyggjarar. Vi håper at mange har høve til å setje av tid og delta på dette møtet. Det blir enkel servering.

Vel møtt!

 

Beste helsing
Steinar Rosset
Flyktninge koordinator NAV Tysnes
tlf 9012 8267 epost:steinar.rosset@nav.no