6 års samling

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/9/2022 10:53

Alle dei som går i 1. klasse er velkommen til å melda seg på til 6 års samling onsdag 28. september.

Me skal vera både i Tysnes kyrkja og det nye kyrkjelydshuset vårt ( Bedehuset). Det vert mykje song, leik og ein spanande forteljing frå 6 års boka. Det vert også tid til ein tur i kyrkja og treffa Marit prest .

Og sjølvsagt skal me eta hotdog og frukt. Så om nokon har allergiar eller andre utfordringer som krev litt ekstra må me ha beskjed om det.

Det byrjar ca. kl. 12.30 og varer til kl. 16.00.

Alle er også invitert til Gudsteneste søndag 04.10.22 i Tysnes kyrkje klokka 11.00. Då får dei utdelt 6 års boka si.

Påmelding seinast 26.09.22 til Kyrkjekontoret på mobil 481 23 310