Intimt med William Hut
4/8/2010 12:14
Me kan med stor gleda invitere til ein kveld med nydeleg og særeigen musikk på Mandelhuset mot slutten av sommaren. Med songar som; Nightfall, Take It Easy, In Your Arms og fleire, så blir dette ein veldig fin intimkonsert som me ønskjer at flest mogleg kan få med seg. Det er ikkje kvar dag me har så store artistar her, og håper dette er noko Tysnes sine faste og ikkje fullt så faste innbyggjarar vil setje pris på.
For å videreføra ein fin ”tradisjon” blir det showmeny i Sjøhuset der menyen blir som følgjer:
Forrett: Gingrava laks med hovmestersaus og asparges.
Hovudrett: Reinsdyrfilèt med blåbærsaus, rosenkål og rista bacon og konglepoteter.
Dessert: Ein nydeleg og frisk skogsbærfylt pannacotta.
Det blir og ein Apéritif ved baren i Sjøhuset.
Bordsetting kl 19:00
Med dette trur eg me kan sei at kvelden blir eineståande og ein perfekt avslutning på ein fin Tysnesferie. Så kle deg litt fint, ta med deg fruen eller husbonden og få ein unik kulturopplevnad på Mandelhuset.
Info:
Laurdag 14 august.
Pris for billett: 300,-
Pris for showmeny inkl billett: 795,-
Konserten startar kl: 22:00
Middag i Sjøhuset kl 19:00
Billetter er i salg på Mandelhuset.
Tinging av bord i Sjøhuset kan gjerast på tlf: 48198346 eller e-post: patrick@mandelhuset.no