Open kyrkje for Ukraina

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/3/2022 09:00

Krigen i Ukraina gir folk trong til å møtast. Derfor vil vi sundag 13. mars halde Tysnes kyrkje open frå kl. 17.00 og eit par timar framover.

Vi ynskjer å halde opent for å gi rom for bøn og solidaritet. Og for å kunne løfte fram vår eiga uro.

Andre Eide vil gi oss eit musikalsk utrykk.
Ordførar Kåre Martin Kleppe vi orientere litt om tankar kommunen har rundt det som no berører oss.

Representant frå KPK som i mange år har drive solidaritetsarbeid inn mot folket i Ukraina vil sei noko om korleis vi alle kan gjere ein forskjell for nokon.

Samlinga i Tysnes kyrkja vil vere kyrkja og folket sitt svar på den forferdelege krigen i Ukraina, og slik gje eit konkret uttrykk for solidaritet, bøn, fellesskap , omtanke og humanitær støtte.

Vi vil halde fram eit håp og ein visjon om fred og om rettferdighet.

 

Tysnes kyrkjelege fellesråd.