Ikkje berre bøker

Publisert av: May Britt Meland
24/8/2021 11:52

Visste du at du også kan låne film på biblioteket som du kan sjå digitalt?

Me byrja å abonnere på Filmoteket under den første nedstenginga i april 2020. Me kunne ikkje låne ut bøker då, og satsa heller meir på digitale tenester, fortel biblioteksjef Mats Løve Gjersvik.

-Så langt har ikkje tenesta blitt så mykje brukt, og eg tenkjer det kan ha ulike årsaker, seier Gjersvik. Målgruppa er nok filminteresserte som er på jakt etter noko anna enn det ein finn hos strøymegigantane som Netflix, HBO og liknande. Nedslagsfeltet blir gjerne lite på Tysnes. -Elles er det heilt sikkert mange som ikkje veit at tenesta finnes!

 

Vanskeleg? Biblioteket kan hjelpe!
-Det er også nokre meir tekniske hinder, som at lånarane ikkje har nasjonalt lånekort, eller at lånaren står registrert med heimebibliotek i ein kommune som ikkje abonnerer på tenesta. Dette løyser vi kjapt på biblioteket, så det er berre å ta kontakt, seier biblioteksjefen.

 

Vil du lese meir om kva Filmoteket kan tilby? Klikk på lenka her!