Foto: Bjarte Erstad

Rev påkøyrd

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/1/2021 10:52

Tysdag morgon vart ein rev funne påkøyrd på Hollekje.

Reven var i live, men så skada at den vart avliva av det kommunale ettersøkslaget.

Bjarte Erstad er ein av fem som er med i det kommunale ettersøkslaget. Han seier til Tysnesingen at dei ser ei auke i påkjørsel av mindre dyr på Tysnes, og at mange dessverre ikkje melder i frå. Sjølv om det berre er litt kontakt mellom bil og dyr, og dyret går vidare, kan det vera nok til at dyret er så pass skada at det må avlivast.

Dersom du er så uheldig og køyrer på eit dyr, stort eller lite, er du som bilførar pliktig til å melde frå om hendinga, seier Erstad. Då ringer du 02800, som er til politiet. Då vert hendinga registrert, og dei gjev beskjed til det lokale ettersøkslaget.

Erstad seier vidare at han trur mange kvir seg for å sei i frå. I ettersøkslaget er det alltid ein som har vakt, og det er dei som tar arbeidet med å finne og eventuelt avliver dyret.