Debuterar for Noreg

Publisert av: Johnny Helgesen
6/2/2018 11:53

Pernilla Eugenie Epland debuterar i helgas nordiske landskamp i friidrett.

Til helgas nordiske landskamp i friidrett mellom Sverige, Finland, Danmark/Island og Noreg i Uppsala i Sverige er Pernilla Eugenie Epland frå Stord IL-friidrett tatt ut for å representera Noreg.

Pernilla Eugenie Epland får debuten for Noreg på innandørslandskampen og skal springa 3000m, ho har representert Noreg under nordisk meisterskap i terrengløp tidlegare.

Pernilla er tatt ut etter det sterke resultatet under NM innnandørs i Bærum i helga.