Her utfører BKK feilsøking på linjenettet ved hjelp av drone på Nesheimsfjellet. Foto: Robert Borge, BKK Nett.

Høgaste straumforbruk nokon gong

Publisert av: May Britt Meland
16/2/2021 08:05

Aldri før har straumforbruket i Tysnes kommune vore høgare enn sist veke, med ny rekord fredag 12. februar. I den strenge vinterkulda i starten av månaden produserte kraftverka til BKK det dei kunne for å sikra straumforsyninga. Samstundes innførte BKK Nett fleire tiltak for å redusera faren for straumbrot i nettet.

– Det har kome godt med at vi har kraftverk med store magasin der vi har lagra vatn for å kunna produsera gjennom vinteren, seier divisjonssjef Erik Spildo i BKK Produksjon.

Nye rekordar
Tysnes er ein av mange kommunar som har sett ny straumrekord i februar. Den gamle rekorden var frå 1. mars 2018.

Samanlikna med 2018 auka Tysnes forbruket frå 12,1 megawatt (MW) til 13 MW. Det er ein auke på 7,4 prosent.

God magasinfylling
BKK og andre kraftprodusentar i Norge har vore godt førebudd på ein kald vinter. Magasinfyllinga var ved årsskiftet rekordhøg. Tal frå NVE viser at magasinfyllinga i snitt i Norge var på heile 82,3 prosent ved årsskiftet. Til samanlikning var den 63,4 prosent ved utgangen av 2019. Etter den kalde starten på 2021 viser dei siste tala frå NVE at magasinfyllinga er 63,6 prosent.

– I fjor var vinteren rekordmild og kraftproduksjonen veldig høg på grunn av mykje nedbør. Det ga rekordlåge straumprisar gjennom heile året. Starten av dette året er det motsette – tørt og ekstremt kaldt med rekordhøgt kraftforbruk. For å dekkja det høge kraftforbruket utnyttar både BKK og andre kraftprodusentar all tilgjengeleg produksjonskapasitet. Det medfører særleg høge kraftprisar når forbruket er på sitt høgaste, og ein relativ høg kraftpris totalt sett. Kraftprisen blir også påverka av at det blir produsert mindre vindkraft både i Norden og på kontinentet med den vêrtypen vi har hatt no, seier Erik Spildo i BKK Produksjon.

Ekstra mannskap i sving
Kald vinter og rekordforbruk av straum er også ei utfordring for BKK Nett, som har ansvaret for 27 500 kilometer med straumnett i Vestland fylke. Trass den kalde vinteren og rekordhøgt straumforbruk, har det ikkje vore nokon auke i talet på straumbrot. BKK Nett har i det siste sett inn ekstra mannskap for å handtera utfordringar i nettet som følgje av kulda.

– Det svært høge forbruket kan nokre stadar gje lågare spenning i nettet, og vi er i gang med å gjennomføra ei rekkje tiltak for å auka kapasiteten. Vi har mange fleire enn normalt som jobbar med dette no, både planleggjarar og montørar. Vi justerer transformatorar for at dei skal levera høgare spenning, og vi legg om nettet for å fordela lasta betre. I tillegg byggjer vi nokre stadar støttenett for å betra kapasiteten, fortel regionleiar Truls Reed Tystad i BKK Nett.

BKK utfører vedlikehald i straumnettet gjennom heile året. For å få gjort arbeidet er det ofte behov for å kopla ut straumen, men det er noko BKK Nett prøver å unngå i streng kulde.

– Vi vil ikkje at kundane skal frysa, så derfor unngår vi langvarige utkoplingar i dei kaldaste periodane, seier Truls Reed Tystad.

PRESSEMELDING FRÅ BKK