Arkivfoto: Pepperkakebyen i Våge 2018!

Fantastisk pepperkakeby

Publisert av: May Britt Meland
7/12/2018 20:56

I midten av november oppmoda Våge Sentrum folk om å koma med bidrag til ein pepperkakeby. Responsen har vore enorm!

Utstillinga tek no opp fleire bord, og her er eit stort mangfald. Store og små, privatpersonar, barnehagar og bedrifter har kome med fantastiske byggverk. Her finn du alt frå dei tradisjonelle pepperkakehusa, til kyrkje, lavo, båt, bil, mumihuset, eit juletre og mykje, mykje meir.
-Det er vist ingen grenser for kva ein kan få til med litt pepperkakedeig og ein stor porsjon fantasi!

Ta turen innom Ivyelli/Svingen puls og stem på ditt favoritt pepperkakehus!
Vinnaren bli trekt helga før jul.

Våge Sentrum fortel at dei også trekkjer ein tilfeldig vinnar blandt dei flotte husa.

Foto: Heidi Catherine Lande