Forbod mot hagevatning i Tysnesbygda

Publisert av: Vegard Aslaksen
3/7/2018 09:00

Forbruket av vatn er ein god del høgare enn forventa, og vermeldingane frametter ber bod om mykje tørt og fint sommarver.

Det vert difor på nytt innført forbod mot hagevatning og anna forbruk av vatn med hageslange for alle abonnentar tilknytt Tysnes Vassverk si vassforsyning. Kvar abonnent kan kun nytta 1 stk. hageslange, ikkje spreiar, for vatning av blomar på kveldstid mellom kl. 21.00 og 23.00.

Forbodet gjeld inntil vidare og ny informasjon vert publisert.

Tysnes Vassverk SA