Foto: Johnny Helgesen

Kurs med action

Publisert av: May Britt Meland
23/1/2018 08:59

Det vart varmt for kursdeltakarane i Uggdal.

I dag, 22.1., vart det halde kurs i varme arbeid på kommunehuset.

Dei 20 kursdeltakarane fekk grundig innføring i gjeldande lover og forskrifter, samt farane ved jobb med varme. Nokre av kursdeltakarane tok kurset for fyrste gong medan andre fornya det. Kursdeltakarane var tilsette i Tysnes kommune samt andre nærliggande private verksemder.

I tillegg til den teoretiske delen, fekk deltakarane også prøva seg i praksis, som her på biletet, med å sløkkja ein kontrollert brann.

Kva er varme arbeid?
“Med varme arbeider forstås arbeider hvor det benyttes maskiner og utstyr som genererer gnister og varme som kan føre til brann. Varme arbeider omfatter bruk av åpen flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og/eller slipeutstyr.”

Forsikringsbransjen i Norge stiller krav om at alle som utfører varme arbeider har eit sertifikat som dokumenterer at ein har gjennomgått godkjent opplæring i varme arbeider. Denne sertifiseringa er gyldig i 5 år.

Kurset vart halde av Husnesfirmaet Petol.