Har du med helsefagleg bakgrunn høve til å bidra?

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/3/2020 21:23

Koronaviruset gjer at det kan det bli behov for fleire faglege hender enn me har i helsetenesta i dag – har du med helsefagleg bakgrunn høve til å bidra?

Tysnes kommune vendar seg til deg som er pensjonist, er i permisjon eller jobbar i ei verksemd som har redusert aktivitet for tida. Me ønskjer oss også helsefaglege studentar.

Tenesta har per i dag ikkje akutt behov for bistand, men me må ta høgde for at situasjonen både kan eskalere og bli langvarig. Dersom det skjer må me hurtig mobilisere ekstra ressursar. Registrer deg  så snart du kan – så tar me kontakt med deg!

Alt helsepersonell må framvise politiattest, og me bistår deg med å framskaffe dette.

Tusen takk for at du er med på den nasjonale dugnaden!

Du kan gå inn på Tysnes kommune si nettside her, då kjem du rett til skjema som du kan fylle ut, og melde di interesse.

 

Tysnes kommune