Viktig informasjon frå Tysnes Kommune

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/2/2021 13:01

Informasjon knytt til smitteutbrot og tiltak i Bergen og kommunar rundt.

For å slå ned på smitteutbrot av den engelske og den sørafrikanske varianten av koronaviruset vart det sett inn kraftige tiltak i Bergen og fleire kringliggjande kommunar.
Tiltaka gjeld frå søndag 07.feb. 2021 kl. 18:00 fram til søndag 14.02.2021 kl.18:00.

Kommunane dette gjeld er definert innafor to geografiske områder. «Ring 1-kommuner» og «Ring 2-kommuner». Kva kommunar som ligg innafor dei ulike geografiske områda ser de på kartet som ligg i saka. Tysnes kommune er ikkje definert innafor nokon av områda, og tiltaka er per no ikkje gjeldane i Tysnes. Dette kan endrast om det kjem
utbrot i nabokommunar eller i Tysnes.

«Ring 1-kommuner» er utbrotsskommunen og kommuner med tilknyting til utbrotet eller som har hatt mykje kontakt med utbrotskommunen.
«Ring 2-kommuner» er dei kommunane som ligg i randsonen av «ring 1-kommunane» og som også har behov for å sette inn tiltak som følgje av utbrotet.

Ring 1 og ring 2 er berre geografiske nemningar. Kva tiltaksnivået som blir valt for ring 1 og ring 2 er avhengig av kor alvorlig i smitteutbrotet er.
I tidsperioden 07.02.2021 til 14.02.2021 er det disse tiltaksnivåa som gjeld for dei ulike områda.

Ring 1:
Tiltaksnivå A: Særlig høgt tiltaksnivå (sjå covid-19-forskriftens kapittel 5A)
Ring 2:
Tiltaksnivå B: Høgt tiltaksnivå (sjå covid-19-forskriftens kapittel 5B)

Tilrådingar frå Tysnes kommune knytt til smittesituasjon i Bergen og kommunar rundt.

Tysnes kommune er definert under risikonivå 1 av 5, med ingen eller få påviste tilfeller, men muligheit for oppblussing. Me ynskjer likevel å komme med nokre tilrådingar knytt til situasjonen i Bergen og kommunane rundt:

-Dei som har tilsette som pendlar inn frå kommunar i tiltaksområda oppmodar til bruk
av heimekontor for dei som har ein arbeidssituasjon som gjer det mogleg.

-At ein unngår unødvendige fritidsreiser til kommunar i tiltaksområda.

-Tysnes kommune oppmodar fritidsbebuarar som har fast adresse i kommunar, og kjem tilreisande frå kommunar, i tiltaksområdet til å nytte butikkar i heimkommunen
sin før dei kjem på hytta. Me oppmodar også fritidsreisande til å holde seg på hytta og berre saman med dei ein er på hyttetur med.

Tysnes kommune følgjer utviklinga av situasjonen, og er forberedt på at me også kan få måtte få
innført strengare tiltak viss situasjonen skal tilseie det.

Lenkje for å lese kva som er vurderinga bak risikonivåa kan ein følgje denne lenkja:

​https://www.fhi.no/nettpub/overvaking-vurdering-og-handtering-av-covid-19-epidemien-i-kommunen/ti-trinn2/4.-risikovurdering/?term=&h=1