Grautfestar

Publisert av:
21/12/2009 21:21

Det går mot juleferie for skulane. Det er blitt stelt i stand julegrautfestar for skuleelevane, noko som er blitt ein tradisjon for dei fleste av dei.

Etter at grauten har blitt ete har både elevar og lærarar kosa seg saman med ulike aktivitetar. På Reksteren var dei til skogs og møtte nissen. Onarheimselevane var i Seløystova medan elevane i Lunde haldt seg på skulen. Det er desse tre skulane bileta er henta frå.

Du finn meir under kvar skule.