dav

Flott tur til båthamna

Publisert av: May Britt Meland
9/6/2018 18:25

Tirsdag 5. juni var brukarane av Dagsenteret v/Omsorgsenteret på utflukt til båthamna på Gjerstad.

-Me hadde litt niste og drikka med til kos, og dei hadde ei fin stund. Vi fekk besøk av ei svane og så fekk vi ta del i at ein hund skulle læra seg å bada, fortel Torill Dalland Flakke til Tysnesingen.no. Svana blei noko nærgående etter litt, så den måtte bestemt jagast vekk frå der ein sat.