Gratulerer med morsdagen

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/2/2022 08:56

Morsdag er ein hedersdag for mødre. Dette er ein forholdsvis ny festdag til ære for mødre over heile verda. I Norge vert dagen feira andre søndag i februar, men den vert feira på ulike datoer i andre land.

Dagen var i byrjinga arrangert av religiøse organisasjoner, men den er seinare gått over til å bli ein familiedag.

12. mai 1908 vart den fyrste morsdagen feira i West Virginia, USA, etter initiativ av Anna Marie Jarvis. Ho ønska å heidre mor si, som saman med andre kvinner hadde arbeida for å betre dei sanitære forholda for soldatane under den amerikanske borgarkrigen (1861 – 1865).

Den fyrste norske morsdagen vart feira i ei metodistkyrkje i Bergen 9. februar 1919.  Du kan lese meir på snl.no/morsdag