Inger Lise Hope til Kulturkyrkja på Onarheim

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/3/2024 12:54

Tysnesfest er stolte over å kunngjera at Inger Lise Hope gjer ein eksklusiv konsert i Kulturkyrkja på Onarheim, som ein spektakulær avslutning på årets festival. I eit unikt samarbeid med Kulturkyrkja, som sjølv står som arrangør i år, er me sikre på at dette blir ei uforgløymeleg hending.

Inger Lise har lenge vore ein yndling på Mandelhuset med sine uforgløymelege konsertar. Med ei imponerande karriere på både store og små scenar, har hennar evne til å røre ved hjarta til publikum gjort henne til ein ettertrakta artist. Hennar store spennvidde som songa strekk seg over ulike sjangrar, frå musikal til pop, og alt imellom.

I 2024 tok Inger Lise utfordringa i The Voice på Tv2, der ho allereie har vist seg som ein sterk konkurrent. Med duell på sjølve kvinnedagen har ho ei spennande tid i vente, og me har stor tru på at ho vil skine også på denne scena.

Gled dykk til ein kveld med stor musikalsk breidde i Kulturkyrkja på Onarheim, som ein storslått avslutning på Tysnesfest 2024.

Sitat Øystein Vaage:

“Å få Inger Lise Hope til Kulturkyrkja på Onarheim er noko me ser enormt fram til. Hennar evne til å formidle musikk, kombinert med hennar imponerande musikalske bredde, gjer henne til ein perfekt artist for denne kvelden. Dette blir ein konsert du ikkje vil gå glipp av, og ein perfekt avslutning på årets Tysnesfest!”

“Det er utrulig kjekt å få til eit samarbeid med Kulturkyrkja som arrangør, og me ser fram til å kunna samarbeida om fleire konsertar i framtida.”

“Har du ikkje allereie fått med deg auditionen til Inger Lise på The Voice må du inn og sjå den på tv2.no. Den kjem med gåsehud-garanti, og eg må stilla meg bak det dommarpanelet kom med av tilbakemeldingar. Ein maktdemonstrasjon, det beste som har vore på The Voice. Eg har stor tru på at ho ikkje berre vil imponera på The Voice, men at ho kan gå heile vegen og vinna konkurransen.”

Biografi Inger Lise Hope:

Inger Lise Hope har begeistra publikum gjennom heile sin karriere med si klokkeklare stemme og ekstraordinære formidlingsevne. Stavanger Aftenblad har uttalt om hennar “Fredelig Jul” konsert: “Hope har den typen x-faktor som skiller de gode fra de enda bedre. Hun synger aldeles nydelig og har et imponerende register og en utrolig finstemt dynamikk.”

Frå å smelte hjerter på utallige scener til å spela hovedrollen som Belle i Disney-musikalen «Skjønnheten & Udyret» og Maria i “Sound of Music”, har Inger Lise vist seg som ein svært allsidig sanger. Aktuell med egen musikk og som ein del av duoen “Davidsen/Hope”, samt som produsent, regissør og artist for sitt eget «Starlight Dinnershow», har Inger Lise stadig bevist at hennar musikalske talent kjenner ingen grenser.

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2024:

Fredag 12. juli: Åge og Sambandet, Carola, DDE, Hellbillies, og Fay Wildhagen

Lørdag 13. juli: Sondre Justad, Matoma, Nico & Vinz  Michelle Ullestad og Lille Venn

Kulturkyrkja på Onarheim, Søndag 14. juli: Inger Lise Hope