Korsong og brassmusikk av Brigaden i «Kyrkjeståvo»

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/6/2023 11:38

Pressemelding

Brigaden kjem til Tysnes

Fyrstkomande laurdag blir det mykje korsong og brassmusikk i «Kyrkjeståvo» når Frelsesarmeen frå Stavanger kjem på besøk.

Tysnesingane har i mange år hatt stor glede av Ladegården Korps frå Frelsesarmeen i Bergen som årleg har kome til Tysnes bedehus og framført song, musikk og andaktar. Mange har møtt fram  til desse kveldane.

No er det litt meir langvegsfarande musikantar og songarar som kjem, nemleg flokken frå Frelsesarmeen i Stavanger. Dei skal i helga til fleire stader i Sunnhordland. Koret er leia av Ørjan og Anne-Grethe Amland. Han har røter frå Tysnes, og det er også fleire andre i koret som har tilknyting til Tysnes. Difor synest dei det er ekstra kjekt å koma på besøk laurdag.

I tillegg til dirigent og pianist Anne-Grethe Brevik Amland har koret med seg Geir Ånadal på gitar og Isak Milde Amland på trompet/kornett/flygel. Dessutan skal ei brassgruppe ta del i den fyldige konserten. – Me lovar ei fin musikalsk oppleving i «Kyrkjeståvo» , og gler oss til å formidla bodskapen om Han me trur på, nemner dei i pressemeldinga.