Godt førebudd til skulestart med eige buss-kurs

Publisert av: May Britt Meland
15/8/2018 10:54

Torsdag 16. august er det oppstart ved skulane på Tysnes. Dette betyr at vi får mange mjuke traffikantar langs vegane på veg til og frå skulane. I tida framover må både bilistar, syklistar og fotgjengarar være ekstra merksame.

Bente Raknes, rektor ved Uggdal skule, fortel at skulen har fokus på trafikktryggleik. Skulen har opplegg for å lære elevane god framferd i trafikken, og då spesielt med tanke på at dei fleste elevane nyttar buss til og frå skulen. Ved skulestart trenar ein ekstra på skulen sine rutinar og reglar når det gjeld busstransporten.

Harald Myklebust ynskte velkomen til buss-kurs. Foto: Uggdal skule

 

Eige buss-kurs
Raknes fortel at under innskulingsdagen i juni var det eit tilpassa opplegg rundt dette. Elevane fekk eit eige «buss-kurs» der Harald Myklebust frå Skyss stilte på skulen med buss som vart parkert ute på skuleplassen. Dei nye elvane fekk læra, og ikkje minst prøva sjølve kva ein må hugse på når ein skal ta skulebussen. – Mange av elevane er faktisk meir spente på dette med å skulle ta buss, enn det å starta på skulen. Då gjev det ekstra trygghet at ein har fått vist og prøvd korleis ein skal bruke busskortet, korleis ein skal gå på bussen, at ein skal sitta fint og ta på belte i bussen.

 

Det var spennande å få prøvesittja skulebussen. Foto: Uggdal skule

 

Viktig at alle er engasjerte.

Mange elevar ved skulane på Tysnes tek skulebuss, men det er også ein del som går og syklar. Foreldre vert oppfordra til å ta ein prat med borna om trafikktryggleik, om korleis ein skal gå og sykle trygt langs vegen.

Atle Birkeland, politibetjent ved Fusa og Tysnes Lennsmannskontor, fortel at politiet også er ekstra merksame no ved skulestart. Dei har som mål å være tilstades ved skulane, og ha statiske kontrollar der dei føl med på kjøremønsteret.