Utstillingsveggen, uniformer og anna utstilt på heidersplass i New York Yacht Club sitt klubbhus/museum i New York. (Foto: Juan Corradi).

Frå New York til Uggdal

Publisert av: May Britt Meland
1/7/2021 17:24

Venelaget sin «vegg» om jåttseglarane har vore på stort jubileum i USA, no har han fått utstillingsplass i omsorgssenteret.

I 2019 feira New York Yacht Club (NYYC) 175-årsjubileum. Dette er den største seglklubben i verda. Feiringa var langvarig, vart markert fleire ulike stader og fekk stor merksemd.

Kom til Tysnes

I løpet av jubileumsperioden var innslag om jåttseglarane frå Tysnes si rolle i amerikansk seglsport viktige bidrag. Året før sjølve jubileet besøkte Juan Corradi frå NYYC Tysnes. Under det to dagar lange opphaldet  våren 2018 fekk han m. a. sjå utstillinga i flytenaustet, han fekk møta etterkomarar til jåttseglarane, og elles var han innom lokala til båtlaget Njord/Tysnes. Då han returnerte til USA, fekk han låna med seg ei rekkje effektar frå Venelaget si samling, m. a. uniformer og ting laga av jåttseglarane.

Til jubileet fekk Venelaget for jåttseglarane laga både videoen «The Norwegian Steam» (ligg på google) og ein informativ utstillingsvegg (Popup-vegg). Begge desse var det Jarle Petterson i Lundegrend som stod for. Mange bilete og skriftleg materiale hadde òg jubilanten til disposisjon.

Knytte kontakt

Alt dette var fyrst med på utstillingar og opplegg i Herreshof Marine Museum  i Bristol, Rhode Island. Det er eit maritimt museum, der historia  til segling og America`s Cup finst. Museet inneheld også historia  til Herreshof Manufacturing Company, som er mest kjent for produksjonen  av seglbåtar, inkludert fleire America`s Cup vinnarar. Deretter vart utstillingar og anna materiell flytta  til NYYC sitt klubbhus i New York.

Kontakten som Venelaget har med New York Yacht Club var det Øyvind og Inger Straume Epland som knytte då dei var på tur til USA hausten 2016 og m. a. besøkte klubben sine lokale i New York. Dette resulterte altså i mykje positivt for Tysnes og soga om jåttseglarane. Frå Corradi og jubilanten fekk Venelaget stor takk for bidraga under jubileumsfeiringa.

No er montasjeveggen utstilt i omsorgssenteret. Veggen inneheld bilete og tekstar på engelsk med den viktigaste informasjonen om jåttseglarane frå kring 1900 og fram til 1940.

No kan utstillingsveggen sjåast i omsorgssenteret. (Foto: Venelaget).

 

Pressemelding frå Venelaget for jåttseglarane, tekst Hans Ole Dalland