Gode både i forsvar og angrep

Publisert av:
27/11/2016 19:10

 

 

 

To handballkampar i Tysneshallen sundag 27/11-16

Tysnes J14 – Askøy 3
I den første kampen for dagen spelte Tysnes J14 mot Askøy 3. Kampen starta litt nervøst, og dei første minutta vart prega av ein del unødige balltap og pasningsfeil frå heimelaget. Dette utnytta gjestene, og fekk tidleg ein leiing på tre mål. Dette såg ut til å tenne jentene frå Tysnes, og kampen jamna seg ut. Særleg i forsvarsspelet vart det jobba knallhardt, og i mål hadde Emma Marie fleire redningar av høg klasse. Til pause var stillinga 6 – 9 til Askøy 3.

Andre omgang starta om lag på same måten som den første, og det gjekk over halve omgangen før heimelaget fann nettmaskene igjen. Samstundes var både keeperspelet og forsvarsspelet bra, så kampen var heile tida spanande.  Da signalet gjekk for full tid kunne gjestelaget juble for siger 
10 – 14. Sjølv om kampen enda med tap for Tysnesjentene, var det absolutt mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Særleg var forsvarsspelet i lange periodar godt, men også i angrep fekk ein ved fleire høve vist fram godt spel og med gode avslutningar.  Det tyder på at laget har potensiale til ytterligare utvikling i resten av sesongen.  Neste kamp for laget er allereie kommande laurdag, med bortekamp mot Kalandseid.
Desse var med for Tysnes J14 (scoringar i parentes):
Emma Marie Elgsås, Synne Malkenes, Ida Lie Solheim (1), Malene Skår Hagen (1), Oda Skaten Aarbakke (1), Mari Meland (1), Karoline Hauge Hansen, Sara Folgerø Lavik, Anni Elise Dalland (2), Mia Jensen Nes (1) og Annica Vee (3)
Tysnes J15 – Nordre Fjell
I den andre kampen for dagen møtte Tysnes J15 Nordre Fjell frå Ågotnes nord på Sotra. Opningsminutta var nokså jamne, og begge lag hadde fleire avslutningar som anten gjekk utanfor stengene eller rett på keeper. Dette varte likevel ikkje lenge. Tysnesjentene fekk etter kvart meir dreis på avslutningane, og sakte men sikkert fekk ein opparbeidd seg ein leiing på 9 – 2. I denne perioden varta laget opp med kontant og godt forsvarsspel, og mange flotte avslutningar. Dei siste minutta av første omgang slakka laget litt av igjen og Nordre Fjell fekk anledning til å knappe litt inn på leiinga. Til pause var stillinga 12 – 7 til heimelaget.
Andre omgang vart mykje lik den første. Sjølv om det ikkje var veldig stor skilnad på laga, så var Tysnes heile tida det vetle kneppet betre enn gjestene. Det gjaldt både i forsvar og angrep. Sluttresultatet i kampen vart 22 – 15 til Tysnes. 
Desse var med for Tysnes J15 (scoringar i parentes):
Eline Sandven Stikholmen, Emma Marie Elgsås, Hannah Rød Halvorsen (1), Maria Lillesletten Hagen (8), Petra Sløgedal, Signe Opdal Pettersen (2), Emma Van Schaik, Norunn Ebbesvik (1), Julie Bakke (9) og Ingeborg Flakke (1)
Tekst og foto: Tysnes IL