Gneist 3 – Njardar 1-11

Publisert av: Johnny Helgesen
3/9/2018 07:59

Laurdag tok Njardar sitt a-lag turen til Liland for å møta Gneist 3, laget som nylig overraskande slo tabelltrear Hasunds. Me var innstilte på at dette var ein kamp der me ikkje kunne undervurdera dei unge motstandarane.
Når dommaren blåste i gang kampen var det tydelig å sjå at heimalaget hadde planar om å forsvara seg djupt mot oss og forsøka seg på overgangar.
Dette lukkast dei ikkje med i det heile tatt. Njardar var rett og slett alt for gode for dei denne dagen.

Arild scorar dagens fyrste etter kun 5min. etter at keeper må gje retur på skudd frå spisskollega Didrik.
I det 11. min er det samarbeidet mellom Aksel og Thomas som førar til et nydelig mål der Thomas finn Aksel med ein strøken pasning frå venstre til bakerste stolpe der Aksel nydelig set ballen inn på halvspretten.
8min seinare spelar Thomas Arild gjennom som er iskald og scorar åleine med keeper.

I det 28. og 29. Min scorar Didrik sine to mål for dagen då han først stjel ballen frå motstandar og scorar enkelt før han blir servert av Alexander og igjen scorar enkelt.

Eit par minuttar seinare får Børge straffe som veteran Fredrik får gleden av å setta trygt i mål.

Rett før pause er det Alexander sin tur til å stjela ballen frå motstander og avslutta fyrste omgangen til 7-0 ledelse.

2. Omgang er ikkje mange minuttane gammal når Aksel spelar Alexander åleine med keeper, der han lobbar inn sitt 2. for dagen.

På stadig jakt etter fleire mål får me ein kontring i mot der konsentrasjonen sviktar i fleire ledd og dermed eit trøystemål til heimelaget.
Ingen fare, for Njardar fortset med festfotballen sin og neste sin tur på scoringslista er Terje H, etter corner frå Thomas.

På tampen får Arild sitt hattrick etter målgivande frå Ronny, før veteranen sjølv set inn Njardars 11. Etter innlegg frå Børge. Dommaren bles av og sluttresultatet vert imponerande 1-11

Fantastisk mykje god fotball frå Njardar på ein dag der motstanderen naturligvis ikkje er den beste. Den overbevisande måten me utfører kampen på står det uansett stor respekt av.

Det er nok ingen hemmelighet at målsetningen for sesongen var opprykk. Me har sidan me tapte i Tyssedal bestemt oss for å kun tenka på neste kamp. Med sju sigrar på rad og imponerande målforskjell har me no spelt på oss ambisjonane igjen og no ventar kanskje Njardar sin viktigaste kamp dei siste 20åra når me tar imot LøvHam 2 til neste heimakamp.

Tapar me denne kan kampen om 1. Plass ryka hvis ein ser på LøvHam sitt gjenverande kampprogram.

Vinn me er me fortsatt i førarsetet og har alt i egne hender resten av sesongen. Ingen tvil om at dette kan bli eit toppoppgjer det vil lukta svidd av.
Kampen er opprinnelig satt opp søndag kl 1530 men dette er av ulike omstendighetar ikkje fastsett. Så følg med i veka om når kampen faktisk vil bli spelt.

Me ønsker helst ny publikumsrekord på Reiso når me no tar fatt på årets heftigaste kamp!
Håpar du og alle dine tar turen! Tidspunkt kjem.