Illustrasjonsbilete

Vent litt med å ete brosme

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/5/2021 11:22

I alle fall dersom den er fiska i områder rundt Tysnes.

Grunna høgt nivå av kvikksølv i brosme frå mesteparten av Hardangerfjorden og Sognefjorden, vert det åtvara mot å ete denne fisken ei stund framover.

I både Hardangerfjorden og Sognefjorden er nivåa av kvikksølv i brosme høgare enn det som er satt som grenseverdi for mattryggleik, kan ein lesa på Havforskningsinstituttet.no.

Kvikksølvnivået i brosme frå Hardangerfjorden er det høgaste av dei områda som er undersøkt.

Fjordar som vart undersøkt i Vestland var Sognefjorden, Fensfjorden, Sørfjorden (ved Osterøy), Bjørnafjorden, Hardangerfjorden.

Brosme er ein art som har evne til å akkumulere mykje kvikksølv. Det kan kome av at den kan bli gammal, veks sakte og er høgt i næringskjeda, samstundes som den oppheld seg lenge på same stad. Fisk som lange, torsk, sei, hyse og lyr, har mykje lavare kvikksølvnivå enn brosme, og desse artane er trygge å ete.

Kor kjem kvikksølvet frå?

I Sørfjorden i Hardanger har fjorden blitt forurensa av tungindustri i over hundre år, og utslepp av tungmetall som bly, sink, kvikksølv og arsen skapar problem for fisk og annan sjømat der.

I fjordar utan kjende forureiningskilder, som Sognefjorden, er nivåa i djupvannsartane meir overraskande. Mykje tyder på at svaret ligg i sjølve fjorden. Både i Hardangerfjorden og Sognefjorden kjem mest sannsynleg ein stor del av kvikksølvet langvegs frå.

Kvikksølv sprer seg over lange avstander i atmosfæren, og kvikksølv som er sluppe ut frå eit kullkraftverk i Asia kan kome ned i Norge eller i Arktis, på land eller på havoverflaten. Langt ute på åpent hav vil stort sett den einaste kvikksølvtilførsla være det som kjem ned akkurat der.