Publisert av:
8/2/2015 08:12
Gjer stas på mor
Morsdagen er en heidersdag for mødre.
Den fyrste norske morsdagen blei feira i Bergen 9. februar 1919,og blei til i byrjinga arrangert av religiøse organisasjonar, men det var Oslo-kvinnene Dorothea Schjoldager og Karen Platou som i 1918, i samarbeid med ideelle organisasjonar, forretningsfolk og massemedia fikk gjennomslag for å etablere morsdagen som ein årlig hending i Noreg.
Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mødre vert oppvarta med td kaffe på senga om morgonen, blomar og kake.
Tidlegare spørreundersøking blandt lesarane av Tysnesingen.no synte at dei fleste gjorde stas på mor med blomar eller ei gåve.
-Og ut frå køen framfor blomedisken i Våge i går, stemmer dette godt.