"Siste reise til Tanzania", Skjermdump Vestlandsrevyen,22.3.2019

Flott innslag på Vestlandsrevyen

Publisert av: May Britt Meland
23/3/2019 09:53

Fredag 22. mars kunne ein få med seg ei flott reportasje om Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth. Frøydis Nordbustad er kjend som kvinna som lærte eit heilt folkeslag å lese. Som 24 åring reiste ho til Tanzania for fyrste gong, og i 2018 kunne ho, i ein alder av 85 år, feira at det var 60 år sidan ho for fyrste gong reiste til Tanzania.

I reportasjen fortel Frøydis Nordbustad at denne reisa ikkje vert som dei andre reisene hennar. Helsa er ikkje som den ein gong var, så dette vert nok siste gong eg reiser tilbake. No tek ho og Nora Klungseth tilbake til landet og folket ho har via livet sitt til for å ta farvel.

Vil du sjå heile innslaget på NRK Hordaland, Vestlandsrevyen, finn du det i lenka her.

Nordbustad har i sine år i som misjonær via sitt liv til tjeneste blant iraqw-folket. Ho har gjort ein formidabel innsats og bygga opp eit skriftspråk og laga ein gramatikk. I 1978 vart Det nye testamentet klart på iraqw, og i 2004 var heile Bibelen oversatt. Etter å ha ferdigstilt dette svært omfattande arbeidet såg Frøydis at det var trong for å drive lese- og skriveopplæring. Ho har gjennom dette arbeidet gitt eit nytt liv til mange i iraqw folket.

Frøydis Nordbustad vart heidra i 2018 for sott 60 år lange arbeid blandt iraqw folket.