Kajakk kurs i Godøysund

Publisert av: Vegard Aslaksen
18/8/2019 18:33

Fredag ettermiddag stilte 9 spente nybegynnarar opp på Godøysund, til intro kurs i havkajakk. Dette var eit fire timers kurs i regi av Norges Padleforbund (NPF), og det  var Laila Johanne Reigstad som var padleinstruktør. Kurset starta før ein hadde fått kajakken på sjøen, for her skulle me ikkje berre lære korleis ein padlar. Her var det alt i frå bering av kajakken, korleis gå inn og ut av kajakken, sjøsetting og sittestilling.

Så var det ut på sjøen, der me lærte grunnleggande padleteknikk og smarte padletriks. Når ein er ute i kajakk, er ein den mjuke trafikanten på sjøen. Korleis kan ein då auka sikkerheten, og korleis skal ein forholde seg? Dette, og korleis ein kryssar ei skipsleid, er også svært viktig å kunna.

Til slutt skulle me øva på både å bli redda av ein padlepartner, å redda ein padlepartner, og å redda seg sjølv, dersom ein er åleine. Fire timar gjekk fort, og me hadde nydelige forhold. Det var blikkstille sjø og fin temperatur, så ein fornøgd gjeng kunne motta Våttkort etter endt kurskveld.

Foto: Laila Johanne Reigstad

Tekst: Martha Nygård Lande