Sommarbasar i grendahuset i Skorpo

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/7/2023 16:28

Laurdag 22.juli var den årlege sommarbasaren i Skorpo. Det var ikkje venta så mange frammøtte på årets basar, for mange av familiane som til vanleg er der, hadde meldt at dei var reist på ferie. Men jammen møtte folk opp i hopetal, og mange «nye» andlet var å sjå. Det var så og seia fullt hus. Og folk møtte fram i god tid, nokre ein time før tillyst tid. Basar er eit fint høve til å prata med både gamle og nye kjenningar.

Basaren gjekk føre seg slik det har blitt gjort dei seinaste åra. Etter velkomehelsing ved Bjørg, var det mat og kaffi, – saft til dei minste. Etter matøkta var det åresal. På alle basarane  etter «koronaen», har det vore berre eitt åresal i staden for tradisjonelt fem, men no med fem-dobbel pris pr. åre.

Bjørg og Anne Karin stod for trekkjing av gevinstane, og nokre av dei frammøtte barna hadde jobb med å bera rundt gevinstar til vinnarane.

Siste post på programmet var trekkjing av gevinstar «på bok». Og jammen glytte no sola fram, og sluttsongen vart difor «Fager kveldsol smiler».

Det kom inn i godt over 22.500.- kr som kjem godt med til betaling av straum og forsikring som er dei størte utgiftspostane for grendalaget.

Desse vann «på bok»:

Ryggsekk 28 l                  Gudny og Sigmund Meland

Vaskesett for vindauge    Aud Helen Skaten

Vaskesett for vindauge    Arnhild og Sigmund Hovland

Tønnesjakk                      Sander Sælensminde

Kjevle                              Wilfred Sætre

Bingospel                        Helen Skaten Hystad

Akrylduk                          Mille Haukefær

Pledd                              Brit Barmen Revheim

Piknikkpledd                  Heidi Baugstø

Dreia skål                       Evy Karin Oppegaard

Ullpledd                         Amalie Haukefær

Stigegolf                        Olav og Hilde Mary Laukhamar

Dartspel                         Per Gunnar Stornes

Kjølebag                        Brynhild Simonsen

Steikjepanne                  Ingunn Tysnes

Sommardyne                 Heidi Baugstø

Rett trekning: Bjørg Haukanes Meland og Anne Karin Skorpen

Tekst og bilder: Harald Skorpen