Einingsleiar Helga Boland tok i mot gåvesjekken frå Tysnes Bygdekvinnelag. Foto: I. Storetvedt

Gåve til sansehagen

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2018 23:59

Onsdag vart det arrangert Innvielsesfest/Sommarfest på Tysnes Omsorgssenter.

Nærmare 100 personar,  både bebuarar og pårørande var samla i storstova og underhaldne av Jimmy Næs, ein trubadur frå Etne. Han tok oss med på ei musikalsk rundreise saman med mange vestlandskomponistar.

Ti frivillige sørga for at borda var vakkert dekka og pynta med markblomster. Dei frivillige fekk honnør både hos ordførar og rådmann for framifrå servering. All maten var laga av betjeninga på omsorgssenteret.

 

Eit av høgdepunkta var overlevering av ein sjekk på 20 000 kr frå bygdekvinnelaget.  Det vart presisert at desse pengane skal brukast til sansehagen. Teksten på kortet seier at gåva skal nyttast til innkjøp av nyttevekstar som bærbuskar og plommetre og prydvekstar til glede for auga og sinn.

 

Flotte markblomster pynta opp borda. Foto: I. Storetvedt