I dag rockar vi sokkane

Publisert av: May Britt Meland
21/3/2023 13:07

I dag er det Verdensdagen for Downs syndrom. Dagen vart etablert av FN i 2011, og vert feira over heile verda.

Det er ikkje tilfeldig at 21.3 vart valgt. Det å ha Downs syndrom betyr å ha 3 kromosom av typen kromosom 21. Det var medisinaren John Langdon Down som oppdaga dette, og etternamnet hans vart namngjevande for syndromet.

Det har blitt ein tradisjon over heile vrda å feire dagen ved å rocke sokkane.

Kva har sokkar med Downs syndrom å gjere?
Å ha Downs syndrom tyder å ha eit ekstra kromosom. Kromosoma ligg samankrølla i omtrent alle cellene i kroppen vår. Når ein brettar ut kromosoma og sorterer dei ser dei litt ut som eit sokkepar. Har man Downs syndrom finnes det tre «sokkar», eller kromosom 21, inne i cellene, i staden for to.

Å rocke sokkane – er veldig enkelt:
Ta på deg to ulike sokkar, gjerne fargerike, på Verdensdagen for Downs syndrom! Med ulike sokkar, står du på for å løfte mangfaldet.

Gjer som denne lasaren: bli med og marker dagen ved å rocke sokkene!