Går du med ein gründer i magen?

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/2/2021 08:57

Eller kanskje har korona gjort at bedrifta di må sjå på nye varer eller tenester?

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom StartOpp kurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.

Me vil sjå på enkle grep knytt til forretningsmodellering, og korleis ein kan teste og utvikle ideen ein har. Me vil også vere innom vanlege problemstillingar, som du som sjølvstendig næringsdrivande vil kunne møte på.

Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di.

Du får også møte gründerar og høyre korleis reisa deira har vore, og erfaringar dei har gjort seg.

Grunna korona vil det vere avgrensa mengde plassar på kurset, og første-mann-til-mølla prinsippet gjeld.

NB! Det vil kunne kome endringar på kort varsel dersom dei lokale retningslinjene vert endra.

Påmelding: agnete@atheno.no, merk “StartOpp Tysnes».

StartOpp kurset vil vera 24. februar kl. 17-19 i lokala til Vågen AS, Vågsmarka 9. Kurset er gratis!