Stenging av vatn i Uggdal i veke 48

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/11/2020 15:58

Tysnes kommune informerer om at det skal være utspyling på heile vassforsyningssystemet i Uggdals-området.

Dette arbeidet vil bli utført i perioden måndag 23. – torsdag 26. november mellom klokka 09 og 14.  Vasstilførsel vil bli stengt til ulike tider i ulike område.

Sørg for at du har tappa nødvendig vatn til dagleg bruk.  Det er ein fordel å ikkje bruka vatn i perioden.  For å unngå brunt vatn i varmtvannsbereder, bør ein spyle ut frå kaldvasskrana på lågaste uttak i huset.  Tysnes kommune beklagar ulempene.