Publisert av: Martha Nygård Lande
22/6/2024 19:24
Galleri Elisabeth G har opna for sesongen
Laurdag 22. juni var det opning hos Galleri Elisabeth G, og også denne sommaren kan ein få oppleva mykje flott kunst.
Som vanleg var det mykje folk som hadde tatt turen på opningsdagen.
Utstillinga vart opna av Arild Andersen, og Magnus Godøy stod for det musikalske innslaget.
Kunstnarane denne sommaren er blant anna:
Tor-Arne Moen, Ørnulf Opdahl, Frans Widerberg, Nico Widerberg, Frank Brunner, Alf Ertsland, Håkon Gullvåg, Eva Harr, Runi Langum, Roar Kjærstad, Brigitte Stolpmann, Lars Elling, Erling Valtyrson, Hanne Borchgrevink, Per Kleiva, Astrid McGarrighan, Terje Resell og Janicke Ebbing.
Utstillinga vil stå fram til 11. august.