Smittesituasjonen i Tysnes kommune

Publisert av: May Britt Meland
11/1/2022 13:25

Her er siste oppdatering frå Tysnes kommune sine heimesider:

11/1-2022
Slik situasjonen er no har me ikkje eit pågåande smitteutbrot i Tysnes, men kommunen følgjer med på den nasjonale smittetrenden, og forventar at det også vil vere noko lokal smitte framover.

Me har dei siste 14 dagane hatt 5 påviste smittetilfeller (per måndag 10. januar). Dette gjeld personar som har registrert bustadadresse i Tysnes kommune.

Det er også folk som har testa seg på teststasjonen i Tysnes kommune, men som ikkje har bustadadresse her. Det kan vere personar som har arbeidsplassen sin i kommunen, personar som har vore heime på juleferie, eller personar som er på gjennomreise i kommunen.

Det er også innbyggjarar i nabokommunar som av ulike grunnar har testa seg ved legekontoret i Uggdal.
Sidan 22. desember er det 6 personar som har vore testa i Tysnes kommune som har fått positiv test, men som ikkje har bustadadresse i Tysnes kommune.

Det er så langt ikkje meldt om omikronvarianten blant dei smitta i Tysnes.

Me vil oppdatera informasjon om smitteutbrot på måndag, onsdag og fredag i tida framover, så lenge det ikkje kjem eit lokalt smitteutbrot som gjer at me treng hyppigare oppdateringar.