Lykke! Foto: Bente Haugland

Freistar med diktlesing og vafler

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/6/2020 10:02

På laurdag 13. juni vert det på ny mykje aktivitet hos Nisjekroken.

Fire av utstillarane kjem og viser fram produkta sine.

Klokka 12.30 kjem Bente Bratlund, og les frå diktsamlinga si.

Bente Bratlund

 

Bente Bratlund kjem frå Os. Ho debuterte med si fyrste diktsamling i 1977, og har sidan det skrive over 70 bøker i ulike genre. Alt i frå diktsamlinger, barnebøker, ungdomsbøker, romaner og andre bøker. Ho reiser mykje rundt og leser opp dikt og kåserer om øyeblikka i livet.

Ho har også skrivekurs, og turnerer saman med musikere.

Wenche Brandsæter, frå Tysnes. Ho seier om seg sjølv; eg er ei kreativ sjel, som lagar litt forskjellig. Ho strikker, maler abstrakte maleri, lager kort for alle anledninger, fotograferer, lager oppheng av rekved og anna.

Wenche Brandsæter

 

Bente Haugland er busatt på Os, og har atelier i den gamle stasjonsbygningen i Os kommune.

Ho har tekstil som sin uttrykksform, og lagar bilete med stor variasjon i fargevalg og ekslusive stoff, som for eksempel etiopisk håndvevde stoff, kinesisk og indisk silke. Ho skapar sitt særeigne uttrykk ved å kombinere papir, stoff og søm i bileta. Inspirasjonen hentar ho frå musikk, tekstar og møte med menneske.

 

Grete Karin Rørvik har verkstad og utsalg på Glassnaustet i båthamna på Sunde i Kvinnherad. Her vert det produsert både bruksgjenstandar og kunstverk.

I tillegg til salgsutstillingar, held ho også kurs i glassfusing.

 

Ein får og mulighet til å nyte nysteikte vafler denne dagen.