Fylkeskommunen har snudd

Publisert av: May Britt Meland
18/6/2021 18:41

Saka om at det allereie frå hausen vart endra tidspunkt for skulestart på dei vidaregåande skulane på Os vart kjendt tidlegare denne veka. Konsekvensane for ungdommane frå Tysnes som pendlar med snøggbåten vart stor, og det vakte stor frustrasjon at denne meldinga kom berre få dagar før skuleslutt.

Ordførar Kåre Martin Kleppe har engasjert seg i saka, og er glad over utfallet i saka.
I dag kan ordføraren melde følgande:
I dag fekk me gladmeldinga om at fylkeskommunen snur i saka for hausten 2021. Dette var einaste fornuftige løysing!Det blir nok gjort endringar frå hausten 2022, men det blir gjort gjennom ein betre prosess, der ein kan involvere kommunen og elevane i arbeidet, samt legge gode fornuftige kollektivløysinger for pendlarar. Dette bør vere avklart lenge før elevane skal søke på vidaregåande skule, slik at dei veit korleis kvardagen deira blir på dei ulike alternativa. Takk til politikarane i Tysnes for samarbeidet, og takk til fylkeskommunedirektøren som til slutt erkjente at ein måtte trekka i “nødbremsen”!

Stor takk også til Sander Eide Aase i Vestland Ungdomsutval, som fort tok tak i saka på vegne av ungdommen, og takk til leiar i Vestland Ungdomsutval Mia Holdhus som tok til ordet om dette i sin tale til fylkestinget!
Då vil eg ynskja 10. klassingane ein god sommar, ein strålande sommarferie, og lykke til på vidaregåande skule til hausten!

Nrk.no omtalar også saka, og melder no i ettermiddag følgande:
Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland seier til NRK fredag 18. juni at de har valt å utsette endring av starttidspunkt på skuledagen til skuleåret 2022/23. Han erkjenner at dialogen med kommunen burde ha vore betre i forkant. Før endringane vil dei ha god dialog med kommunen for å legge til rette for skuleskyss på ein god måte, ifølge Haugsdal.