Folkefavoritten til fylkesvåpen for Vestland. Illustrasjonsfoto, sjå forslag med rett utsnitt i saka.

Folkefavoritten er kåra

Publisert av: May Britt Meland
1/9/2018 10:14

Stort engasjement

I mai i år gjekk Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune ut og bad innbyggarane om innspel til fylkesvåpen til det nye fylket Vestland  Det kom inn heile 667 forslag!

Fag- og folkejuriane plukka ut 18 forslag som gjekk vidare til nettavstemming.

Avstemminga vart avslutta torsdag 30. august kl 12.00. Engasjementet blant folk var stort, 6471 personar sende inn si stemme.

Folkefavoritt frå Jølster

Forslaget som vart folkefavoritten er innsendt av Jorunn Andreassen. Ho har nytta kysten til det nye fylket i sitt forslag til fylkesvåpen. Vinnaren frå Jølster seier at ho ved utforming av forslaget tenkte på korleis det vil sjå ut når fylka slår seg saman. Forslaget til Andreassen fekk over 25% av stemmene med 1632 stemmer. Forslaga som kom på andre og tredjeplass fekk 970 og 878 stemmer.

Folkefavoritten vil saman med forslag frå ein fagkomite og fem ulike designbyrå bli lagt fram for fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Desse vil i desember ta den endelege avgjerda om kva som blir Vestland sitt fylkesvåpen.

 

Bidrag også frå Tysnes

Blandt dei 667 forslaga som kom inn frå publikum var også Tysnesingen Kolbjørn Tvedt. Han sende inn eit flott forslag i mørkeblått med ein foss og ein turbin.