“Eg trur eg trur på sumaren”

Publisert av: Dagfinn Sandvik
5/5/2018 09:03

Etter resultata frå den førre “Di meining”, er dette neppe ei strofe ein for tida høyrer folk på Tysnes synge.

Førre gong handla meiningane til lesarane om utsikta mot vår og sumar. Mesteparten av stemmene kunne antyde at folk frykta at vinteren kom til å henge igjen ei stund til, og tanken på det fyrste sumarbadet, let seg vente.

Me i Tysnesingen har difor laga ein liten videosnutt som påpeikar akkurat dette. Av dei 266 som hadde stemt på di meining, var det 6 som hadde stemt at “dei har smurt vannskia for sesongen”. Snurr film!

Slik vart resultata frå førre gongs Di Meining:

31% ville vente med å byte sumardekk, grunna at dei frykta meir frost og snø.

29% håpar på ein snøfri 17. mai.

11% gruar seg til plenklypping og hagearbeid.

11% håpar flåtten og brunsniglane har overlevd vinteren.

9% har badikken klar under varmedressen.

6% får det travelt med å be ungane å kle godt nok på seg så dei ikkje bli sjuke

2 % har smurt vannskia for sesongen.