Astri Samnøy gler seg til å møta nye kundar i Våge.

Pop Up butikk i Våge

Publisert av: May Britt Meland
22/5/2020 13:33

Det har lenge vore eit ønske om å få til ein aktivitet ved sidan av Ivyelli i Våge. Ulike alternativ har vore vurdert, og så plutseleg vart det fart i sakene.

 

Mykje nytt og spennande å finna i den nye butikken!

 

Welcome Home synast samarbeidsforslaget var så spennande at dei likegodt hoppa i det. -Det har aldri vore viktigare å satse lokalt, reise lokalt og handle lokalt uttalar Astri og Arve. Til vanleg har dei butikk på Fjord’n senter i Eikelandsosen. Her sel dei eit rikt utval interiør med slagordet “Tropisk stemning i nordisk hjem”. Stilen vert omtala slik “Inspirert av “coastal living” der ro, harmoni og velvære er i fokus. Stilen er lys, feminin og moderne“.

Det gjeld å snu seg rundt når det fyrst dukkar opp ei spennande moglegheit. -Og det har dei verkeleg gjort. Onsdag, 20. mai, var det klart at dette kunne dei får til, og i dag, 26. mai, kl 10.00 opnar dei butikk i Våge!

-Tanken er å være her fram til 15. august, men det kan hende at dette blir permanent. -Det er litt for tidleg å sei noko heilt sikkert no, seier Astri Samnøy.