Påskequiz del 2

Publisert av: Vegard Aslaksen
19/4/2019 09:00

Me skriv langfredag og her kjem tre nye spørsmål til Påskequizen. Fyll inn svara på rett plass i kryssordet og du er eit skritt nærmare løysingsordet.

Spørsmål 5: Tysnesingen skreiv ein artikkel om ein ung båtbyggjar frå Lunde. Kva var namnet hans?

Spørsmål 14: Ein gard på Tysnes er begynt med pølseproduksjon. Kva er etternamnet til denne bonden?

Spørsmål 17: På 80 talet hadde Tysnes ein MC-klubb som mellom anna hadde eit stort treff i Uggdalsdalen. Kva heitte denne klubben?