Vil du vera med Tysnes Reiselag på tur til Kiel?

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/5/2023 20:16

Tysnes Reiselag reiser på tur til Kiel i juni.

Det er også mogeleg for dei som ikkje er medlemmer i Tysnes reiselag å melde seg på turen.

Turen startar med ferje frå Våge mandag 12. juni. Det blir stopp for lunsj på Halne, og så blir det overnatting på Klækken hotell på Hønefoss.

Dagen etter går ferda vidare til Oslo og Kielferga. Det er show ombord om kvelden både på turen ned og opp igjen.

Ankomst Oslo torsdag 15. juni om morgonen. Då går kursen mot Tysnes, med stopp på Haukeliseter for lunsj.

Påmeldingsfrist 29. mai.

Les meir om turen, prisar og korleis du skal melde deg på her, på kalenderen til Tysnesingen.