Frodig kjøkenhage

Publisert av: May Britt Meland
18/7/2019 21:49

Bak eit kvitmåla gjerde og ein bue snart dekka av humle, finn du ein frodig og mangfaldig kjøkenhage.

Hagen ligg lunt til, men likevel heilt ute ved sjøen og er laga av Rebekka Høgestøl på den gamle handelstaden på Årbakka. Beda er laga av grov kvist nederst, så tang og tare, lauv og talle frå sauafjøset på Tveit. Som jorddekke har ho nytta ein øydelagd siloball, donert av same bonden.

 

 

Rebekka fortel at ho starta med å så i eit lite drivhus. Dei små plantane vart planta ut like etter 17. mai. I hagen finn ein grønnkål, brokkoli, squash, potet, reddik, nepe, gulrot, løk og vårløk. -Og så litt blomar innimellom!

 

Foto: Rebekka Høgestøl