Vinnar av kulturprisen 2020 Patrick Russell Madsen. Foto: Privat

Kulturprisen 2020

Publisert av: May Britt Meland
17/12/2020 20:26

Tysnes kommune deler kvart år ut kulturprisen til lag eller einskildpersonar som har gjort ein særskilt innsats for kultur- og samfunnslivet i kommunen. Denne gongen var det 10 personar som var nominert til prisen.

Årets vinnar av prisen vart Patrick Russell Madsen.

Han vart tildelt prisen for arbeidet han har lagt ned for å arrangere svært mange ulike og varierte arrangement og konsertar både på Mandelhuset, men også i Ungdomshus, havner med meir.

Patrick fortel at dette kom brått på. -Eg vart litt paff, veldig rørt og utruleg takknemleg! Han seier også at han ynskjer å takka alle støttespelarane, tilsette på Mandelhuset, familie og vener. -Utan desse hadde eg aldri fått ein pris.

Vi gratulerer Patrick, og gler oss over lovnaden hans om at han skal halda fram med å laga brød og sirkus på Tysnes !