Må du skifte TV-dekoder?

Publisert av: May Britt Meland
25/9/2020 13:48

Ingrid H. Haaland , dagleg leiar i BKK Breiband, Tysnes og Etne fortel at ein del av kundane til BKK breiband i desse dagar vert oppringt om tv-tenesta frå Altibox.

Altibox skal avvikle ei gammal tv-plattform, og i desse dagar blir ein del av BKK Breiband sine kundar oppringt frå Nimbus om dette. Nimbus er eit selskap som er leigd inn av Altibox til å ringe alle tv-kundar med gammal tv-plattform. Kundane vil få informasjon om bytte av produkt, og må gi samtykke. Det vil vidare bli avtalt utsending av ny tv-dekoder med transportøren Helt Hjem. Ny dekoder vil bli levert i postkassen. -Det er kundar med dekodar type Arris eller Motorola frå før 2018 som må bytast.

Alle som har Altibox-tv må over på den nye løysinga innan første kvartal 2021. Dette kan ordnast over telefon når Nimbus ringer, eller hos BKK Breiband i Våge.

 

 

Det er bra med sunn skepsis til ukjende telefonnummer, men dersom tema er oppdatering av tv-løysing så er altså dette informasjon me treng å få ut til Altibox-kundane, seier Haaland.

 

Sjå meir her: https://www.altibox.no/privat/tv/informasjon/