Fornøyeleg barneteater på biblioteket

Publisert av: May Britt Meland
30/10/2019 18:02

Måndag 28. oktober held Teaterkrabatane framsyninga “Pling vaken!” for omlag tretti engasjerte barnehageborn .

Framsyninga var basert på boka med same namn, som handlar om Klara som heile tida finn små og store påskot til å ikkje sove. Men merkelege ting skjer på Klara sitt rom, og Klara forstår at det ikkje er enkelt å vere mamma og prøve å få nokon til å leggje seg. Det er nemleg eit monster i skåpet som heller ikkje får sove!

Det var god stemning under heile framsyninga og latteren sat laust. Etterpå fekk borna helse på dokkene Klara og Skåpmonsteret.

Det var forfatteren sjølv, Irene Ahnéll som stod for framsyninga, saman med skodespelar Mette Scarth Tønset.

Arrangementet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og var arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Tekst og foto: Mats Løve Gjersvik, Tysnes folkebibliotek