Vi har fått mange fantastiske konsertopplevingar på utesena til Mandelhuset, og fleire vert det! Arkivfoto frå Morten Abel sin konsert i juli 2020.

Stjernespekka kalender

Publisert av: May Britt Meland
11/8/2020 18:57

Patrick Russell Madsen ved Mandelhuset har all grunn til å være nøgd med artist-bookinga. Dei siste månadane har den eine go’biten dukka opp etter den andre, og det er langt i frå slutt!

Her kjem litt info om dei kommande tre artistane.

Legg spesielt merke til konserten fredag 4. september med Ausekarane! -Tysnes Sparebank har sponsa, så her vert det redusert pris!

 

Nest siste helga i August vert hektisk, då kjem Eva Weel Skram på laurdagen og Odd Nordstoga på søndagen!

Odd Nordstoga

-På TV har du sett han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut på konsertscenene. Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med. Utover det får berreden som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade.

 

Eva Weel Skram

-Eva Weel Skram har truffet en nerve hos det norske folk, og har virkelig etablert seg som en av landets aller mest folkekjære artister.

Helt siden Eva begynte å synge på morsmålet etter deltagelsen i «Hver gang vi møtes», har det gått slag i slag for Sogndalsjenta, og høydepunktene fra de siste årene er mange.

«Finne Heim», hennes første plate med norske tekster, fikk strålende mottagelse, strømmet til gull, og hadde utallige singler listet på norsk radio.

Konsertene er, som musikken hennes, smakfullt innpakket i vakre og harmoniske lydbilder, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartner, ektemann og gitarist Thomas Stenersen. Sammen har de spilt utsolgte konserter på mange av landets store scener som Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen og Olavshallen i Trondheim. Dette, kombinert med utallige festivalspillinger over hele landet har skapt et trofast og bredt publikum, som vender tilbake for å se Skram og bandet hennes gang på gang.

Det er bare å glede seg til en stemningsfull konsert.

 

September startar med eit brak!
Då vert det to dagar med “ausedans”. Både fredag 4. og laurdag 5. september er ein lova knallstemning på utekonsertane.

Tysnes Sparebank har sponsa fredagen, så dei billettene er det reduseret pris på., fortel ein oppglødd Madsen.

Ausekarane

-Kystkultur, strilahumor, feelgood og folkeleg underhaldning på sitt beste!

Ausekarane med Bjørn Jensen og Tor Endresen i spissen har herja revy- og konsertscener på vestlandet i ei årrekkje. Det heile starta på Logen Teater i Bergen hausten 2007 med kabareten «Haraball i Naustet». I sentrum stod kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine sangar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; – på fjorden, frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat», og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd’n, me kjem til deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå publikum og media.

Etter dette har det gått slag i slag med nye show, ferjeturnear, konsertar, fleire album- og dvd utgivelsar. «Ausedansen» har for lengst passert 1 million visningar på YouTube og fjoråret vart krona med både Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts». 

Ausekarane si nyaste forestilling «Ferjelaus og steik forbanna!» vart mottatt med latterbrøl, utselde hus, ekstraforestillingar og strålande kritikkar. 

-Publikum hyler av latter! En herlig orgie av musikalsk komikk. Kultur og komikveld. Go’knall!! (Bergensavisen)

-Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virtuost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over.  (Bergens Tidende)