Haakon Haaland manøvrerar ein stk stor lift inn til festivalområdet

Førebuingane til Tysnesfest er i gong

Publisert av: Vegard Aslaksen
6/7/2018 20:32

Førre veke kunne me lesa om dugnadsgjengen som fortøydde byggjer. Denne veka er det fleire førebuingar som har stått på tapetet. Det store innrykket av utstyr og fasiliteter kjem rett over helga, men det at tydeleg at arbeidet i kulissane er i gong for fullt. Anten det er store scenedelar som skal heisast på plass, kablar som skal trekkjast på bryggjene, eller mat som skal førebuast – dette er oppgåver som treng arbeidskraft og det meste av jobben er gjort på dugnad.

Det er ikkje sjølvsagt at ein alltid har nok friviljuge til alt. Og det er ikkje alltid det høver for kvar og ein å stilla opp. Men det å vera friviljug under Tysnesfest har fleire positive sider ved seg. Difor har me i tysnesingen valt å fokusera på nettopp dette i “di mening” som no ligg ute. Kva meiner du?

Ps: Tysnesfest treng fleire friviljuge – ynskjer du å bli med? Klikk her!

Kabeltrekking på bryggjene i Våge. Skal tru om desse karane syng kabeltrekkersangen? Foto; Sigvard Madsen

 

Tysnes Bygg er i gang med forbedra skjørtet på E-bryggja for å letta tilkomsten til båtgjestene ved billetteringsplassen Foto; Martin Restad

 

“Podtown” tar form ved Windsor. Meir enn hundre sengeplasser står snart klar til festiveldeltakarane #quilalitt?

 

 

Eirik Dalland i stillaset riggar klart artistområdet i fleirbrukshallen. Foto; Sigvard Madsen