Tur til Rhododendronparken og Skudeneshavn

Publisert av: May Britt Meland
14/4/2024 11:24

Tysnes Bygdekvinnelag vil saman med Tysnes Sogelag og Jåttseglarane skipa til ein heildagstur: Torsdag 23.mai

Turen har to flotte mål
Rex Garden i Førde – ein heilt spesiell Rhododendron park
Skudeneshavn – ein av Noregs best bevarte trehusbyer

Fyrste stopp er Rex Garden i Førde med guidet tur i parken saman med gartnar.
Rex Garden er ein spesiell park med fleire tusen Rhododendron og andre plantar.
Det er god framkommelegheit.

Foto: Skjermdump visitnorway.no

Vidare går turen til Skudeneshavn der det vert det litt tid til å spasera omkring mellom dei kvite husa og besøka
lokale handverksbutikkar. Middag på Havn Restaurant.


Foto: Skjermdump visitkarmoy.no

På vei heim att er det planlagt ein tur innom Gjenbruksløa i Førde.

Foto: Skjermdump Facebook, Gjenbruksløa

Dagen startar med ferge frå Hodnanes kl 08:20, og buss frå Jektevik kl 08:35.
Det er normalt god parkering på Hodnanes, men oppmodar om å slå seg saman.

Prisar per person med alt inkludert:
Kr 870,- ved 40 deltakarar og kr 1005.- ved 30 deltakarar

Påmelding innan 25. april til Kjersti Godøy på telefon 934 28 951, eller e-post kjersti@wallem.net